contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Aslak Brimis favorittar

TOPPLISTE

Aslak Brimis favorittar

Folkemusikk No

I november fekk Aslak Brimi tildelt prisen Årets Folkemusikar 2016, i ein fullsett Operasal. Høyr hans favorittlåtar i denne spelelista.

> LAST NED ASLAKS FAVORITTAR I TIDAL
> LAST NED ASLAKS FAVORITTAR I SPOTIFY

  1. Bäsk - Drömpolska
  2. Gunnar Stubseid & Ale Møller - Dolkaren
  3. Sofia Karlsson - Le Vin des Amants
  4. Kung Levi Nilsson, Saras Göte Alfredsson, Alm Nils Ersson, Kjell-Olov Nilsson - Leksands skänklåt
  5. Ottar Kåsa - Kivlemøyane
  6. Bjørn Odde - Musicus, Springleik
  7. Den Fule - Skägget
  8. Gjermund Larsen Trio - Midnattsdrøm
  9. Kennemark Simonsen Källman - Mors Vals
  10. Odde & Holmen - Sumarmorgon
  11. Per Gudmundson, Ola Bäckström - Grinds Hans´ jässpôdspolska från Rättvik efter Börjes Olle
  12. Odd Nordstoga - Min eigen song
  13. Jan Beitohaugen Granli - Hundedengja
  14. Hått - På attpåball
  15. Johan Hedin, Esbjörn Hazelius - Vänner och fränder
  16. Ingebjørg Bratland - Fordi eg elskar deg
  17. Leif Ingvar Ranøien - Musikk til berg og stjerne
  18. Ånon Egeland - Springdans Etter Torgrim Melås
  19. Majorstuen - Bjørn, Ulv og Gaupe
  20. Ola Moløkken - Dansar-Hans, springleik
  21. Rydvall Mjelva - Viksdalsbrura, marsj
  22. Gudbrandsdølenes spelmannslag - Holshågån
  23. Annbjørg Lien - W.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Som Årets Folkemusikar 2016 har Aslak Brimi her fått frie tøyler til å setje saman ei speleliste med sine absolutte favorittar. Lytt og nyt!

- Fortel litt om korleis du har sett saman spelelista og kvifor akkurat desse låtane er med. 

- Eg har plukka ut nokre av mine favoritter. Mest av alt døme frå album eg høyrer mykje på og er glad i, ei salig blanding av alt frå solospel til visesjangaren. Eg har teke med nokre slåttar og innspelingar eg tykkjer er meiningsfylt å få fram, t.d. opptaket av Ola Moløkken frå slutten av 40-talet med «Dansar-Hans». Ola var mangeogåtti år da han var i NRK den gongen. Han spelar knallgodt, og innspelinga av dei omtrent 20 slåttane han gjorde då er av det viktigaste vi har av kjeldemateriale i heimbygda mi. 

Eg har fleire favorittalbum, men truleg er det plata «Bäsk» med Kännemark/Simonson/Källman som tronar høgast. Det er rått og tett samspel, smidig og smart arrangert, og ikkje minst så har albumet ein fantastisk fin heilskap. Frå dette albumet kunne eg ha tatt med alle spora, men har valgt deira tolking av «Mors vals», som dei har lært av bestefaren min. Når eg fekk denne CDen då eg gjekk på vidaregående vart eg heilt hekta.

Eg har teke med eit spor frå Ingebjørg Bratland si plate «Månesinn». Det er ei dempa og avmålt plate som vart spelt mykje i heimen rett etter at dotter mi vart født. Det er framleis slik at når vi set på denne plata så får eg ein ekstremt godfølelse i kroppen. 

- Kva er aktuelt i livet ditt akkurat no?

- Eg har hatt to fantastiske musikkår no, og har fått arbeidd mykje med fantastiske musikarar. Eg fekk kunstnarstipend, så eg fekk anledning til å ta meg fri frå jobb for å arbeide med musikken. No er eg attende i min vanlege jobb att som lærar på ein vidaregående skule. Eg trivst veldig godt med det au. Musikken attende til å vere ein fantastisk hobby. Livet går no sin gang med jobb, henting og bringing i barnehage, retting, og litt felespel innimellom. 

Eg har ikkje mange prosjekt i år, men det er hovudsakleg to musikkprosjekter som står høgt på agendaen. I mars kjem eg med soloplate. Dette er opptak gjort på Riksscena i haust av ein konsert eg hadde der. Det blir spennande å sjå om det er marked for solofelespel frå Garmo. Ellers er eg medansvarleg for ein konsertserie med seks konsertar i høve at det er 100-årsjubileum for bestefar, Hans W. Brimi. Ein av konsertane er ein stor utekonsert i Jotunheimen, ved Brimi Sæter, den 10.august. Her skal vi mellom anna ha med TrondheimSolistene og Ragnhild Hemsing. Eg arbeider om dagen med å komponere ei ny suite til denne konserten for TrondheimSolistene og meg sjølv og Mari Midtli som solistar. Det er veldig spennande. 

- I november 2016 vart du kåra til Årets Folkemusikar - har livet forandra seg på nokon måte etter dette? 

- Ja, det var veldig stas og overveldande å få dette. Og utdeling i fullsett opera da gitt. Litt rart var det å jobbe veldig mykje med musikk i over halvanna år, og så få denne prisen, og deretter vite at no var det hektiske musikklivet ferdig for ei stund då eg skulle attende i full jobb i januar. Eg tenkjer at prisen er ei fantastisk utmerking eg fekk for det eg har gjort over fleire år. Eg har jo ei veldig stor interesse for folkemusikken, og har fått til mange prosjekt med tanke på å få fram spennande og interessant tradisjonsmusikk. Det er veldig stas å kjenne på at dette vert satt pris på. Så kan ein jo håpe at folk blir interessert i å høyre det eg kjem med av musikk framover.

- Kva var den største musikkopplevinga di i 2016?

- Det er vel ingen tvil om at den største musikkopplevinga mi i 2016 var å stå på operascena og få utdelt pris som årets folkemusikar. Men eg har hatt fleire fantastisk fine musikkopplevingar ellers også. Å stille på Landskappleiken med Gudbrandsdølenes er alltid ei stor og artig oppleving. Det same var det å vere på turne med Astrid og Bjørn Kåre. Særleg konserten på Columbi Egg i Bergen var stor – for eit publikum det er i Bergen! 

- Korleis høyrer du på musikk og kva musikk brukar du å høyre på? 

- Eg høyrer på mykje musikk i heimen, tyr nok oftast til det lettaste: å kjøre Tidal frå mobil over anlegget. Og så hendar det seg – når eg skal kose meg med musikken – at eg tek fram CDar og set på, og innimellom set eg på ein LP. Eg har arva store delar av far si LP-samling, så der er det nokre gullplater. Det er liksom ein del musikk som er grei å høyre via Tidal/Spotify, medan andre er absolutt best og trivelegast å høyre frå CD eller LP. 

 

PÅ BILETET: Årets Folkemusikar 2016, Aslak Brimi. Foto: Runhild Heggem.