contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Ingebjørg H. Bratlands favorittar

TOPPLISTE

Ingebjørg H. Bratlands favorittar

Folkemusikk No

INGEBJØRG H. BRATLANDS FAVORITTAR

> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY
> LAST NED SPELELISTA I TIDAL

  1. Brynnings vise - Sudan Dudan
  2. Fado Amália - Amália Rodrigues
  3. Uti Kjersti som stalldreng - Brita Bratland
  4. A Case of you - Joni Mitchell
  5. Gyri tek ut - Odd Nordstoga & Øyonn Groven Myhren. 
  6. Elvis Presley blues - Gillian Welch & David Rawlings (Ikkje i TIDAL)
  7. Kyrie - Trygve Seim & Andreas Utnem (Ikkje i TIDAL)
  8. Nyrenning - Per Anders Buen Garnås
  9. Ned i vester - Sondre Bratland & Annbjørg Lien
  10. Calling my Childern Home - Emmylou Harris
  11. Min eigen song - Odd Nordstoga
  12. Dei frealause menn - Svein Tveiten
  13. Beginning an Ending - Trygve Seim Ensemble
  14. Awake my Soul - Mumford & Sons
  15. Vipa sitter på gjerdet - Agnes Buen Garnås
  16. How high the moon - Ella Fitzgerald

    Ikkje tilgjengelig i Wimp
  17. The loss of the Evelyn Marie - Aileen O'Connor
  18. Lilja ut i dalen - Ingebjørg Bakken

 

PÅ BILETET:  Ingebjørg H. Bratland. Foto: Amund Søberg.

 

Frå Grorud til Graceland

- intervju på www.folkemusikk.no juni 2011

Folkemusikk.no utfordra kvedar, låtskrivar og artisten Ingebjørg Harman Bratland (21) frå Vinje i Telemark om å sette opp ei speleliste med artistar og låtar ho er inspirert av. Ingebjørg tok utfordringa på strak arm, og dykka djupt ned i den kollektive platesamlinga i strømmingtenestene WIMP og Spotify.  

Her fann ho fleire arkivskattar og lydkaramellar med folkemusikk, country, viser og jazz. Bland artistane på lista finn ein både nye og gamle heltar frå både Valdres, Amerika, Setesdal, England og Groruddalen. Men, den største helten kjem frå heimkommunen Vinje i Telemark. 

- Det er ingen eg har hørt så mykje på som Odd Nordstoga. Eg sleit ut CD-hefta på Something Odd-platene, fordi eg bruka å sitje heime dagen lang, i ein stol, framom CD-spelaren og synge med. Eg starta med det i 1997, og driv framleis på med det. 

Også fleire låtar frå Nordstogas produksjon er med på lista.

- Nivelkinn høyrde eg og Ellen Nordstoga i hel då me var på skulekonserturné i 2001. Ho hadde nemleg konsertopptaket i bilen, før plata kom i 2002. Me sat i bilen og song med så alle me køyrde forbi kunne høyre oss, heile Telemark rundt, med eit stort bilete av Myllarguten på taket.

På lista finn ein også eit par gamle arkivopptak med sentrale tradisjonsberarar som Brita Bratland og Svein Tveiten.

- Når det kjem til kveding er balladene noko av det eg likar best. Eg er så utruleg glad i forteljingar og eventyr. Liti Kjersti og Frelause menn er dei eg har sungi mest, og det er dei som er favorittane.

Av dei internasjonale artistane på lista har ho vald å trekke fram ein gjeng frå dei britiske øyane.
  
-  Mumford & Sons er eit band eg høyrde for fyrste gong i fjor vår. Eg blei hekta! Så no driv eg å legg ut engelske songar på nettet, i håp om at Marcus Mumford på ein eller annan måte skal få høyrd dei, for så å ringe meg ein dag og spørre om me ikkje skal gjera ein duett, avsluttar ho

Ingebjørg Harman Bratland vann Fureprisen under Landskappleiken i fjor, og arbeider no med si fyrste plateutgjeving. Du kan høyre songane hennar på Soundcloud.