contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Astrid Sulheims favorittar

TOPPLISTE

Astrid Sulheims favorittar

Folkemusikk No

ASTRID SULHEIMS FAVORITTAR

> SPELELISTE I SPOTIFY
> SPELELISTE I TIDAL

  1. Kleppdalsvegen,  Aslak Brimi og Erlend Viken - Ho venta på rock
  2. Ambjørg Øy, Lom spelemannslag - Tonegjerd
  3. Vals etter Karl-Fant, Erling Kjøk - Fant-Karl / Spelemannsarven
  4. Sylfest Mork, Hans Brimi - Norsk folkemusikk: Spelemannslag / Slåttar frå Lom
  5. Rjukanfossen, Hauk Buen – Spel til dans
  6. Sevlien, Kjetil Løndal - Løndalsspel II
  7. Harvelandsvalsen, Ånon Egeland- Ånon Egeland
  8. Gudmunddansen, Geitungen - Bra kast
  9. Meistervalsen, Sigbjørn Bernhoft Osa - Sigbjørn Bernhoft Osa
  10. Honddengja, Aslak Brimi og Erlend Viken - Ho venta på rock
  11. Reinlender etter Olav Flåto, Hått - B-burger
  12. Keramello, Unni Boksasp - Keramello
  13. Storebroer og Lillebroer, Blåmann, Blåmann - Blåmann, Blåmann
  14. Lillhl-Pe i Floa, Triakel – Sånger från 63° N
  15. Knut Elven, Ole Jørgen Tamnes og Olav Mjelva - Gi mi pols
  16. Zen-Pols, Harnihomba - Harnihomba
  17. På pallen, Stein Torleif Bjella - Vonde visu
  18. Mari, Bergen Mandolinband - Til Skogen
  19. Somliga går med trasiga skor, Cornelius Vreeswijk
  20. Blowin´ In The Wind, Bob Dylan

PÅ BILETET: Astrid Sulheim. Foto: Linda Gytri.

 

Bra kast og vonde visu

- intervju på www.folkemusikk.no november 2011

I sommar gjekk ho nok ein gong av med sigeren etter finalespelet i feleklassa under Landskappleiken. Med dette er Astrid Sulheim (34) frå Lom den kvinna med flest sigrar i denne klassa. No har ho sett opp ei speleliste med musikk ho lar seg inspirere av.

Ho hadde eigentlig ikkje tenkt til å stille på Landskappleiken i sumar, men vart overtalt av konkurrent og lomvær Aslak O. Brimi. Det enda med at dei begge kom til finalespelet i a-klassa i fela og tevla mot kvarandre. Til slutt stod ho att som vinnar, etter at ho trollbatt både publikum og dommarar med springleiken ”Gamel-Sjugurd”,  og hallingen ”Fjelltiten”.

Sumarens Landskappleikssiger var den tredje i rekka for Astrid Sulheim. Tidlegare har ho vunne a-klassa i fele både på Gjøvik i 2003, og i Eidfjord i 2004, og er med dette den kvinna med flest sigrar i a-klassa i fele.  Men felespelinga er berre på hobbybasis. Til vanleg jobbar ho som lege i Trondheim. Etter å ha budd borte frå Lom i om lag 15 år, flyttar ho no tilbake til røtene, til heimbygda Lom. Der startar også spelelista.  

Lomstradisjonen på topp

Astrid er vakse opp på Sulheim i Lom i Gudbrandsdalen, og heime på Sulheim var det mykje musikk. 

 - Far min spelte trekkspel, fløyte og gitar. Han lærte meg “Meistervalsen” som eg hadde høyrt på radioen med Sigbjørn B. Osa. Det var noko å bryne seg på! Heime vart eg også kjent med med mykje populærmusikk får 60- og 70-talet, fortel Astrid. 

Men størst av alt var feletradisjonen og utøvarane frå Lom. 
 
-  Folkemusikken frå Lom er den musikken og tradisjonen eg har vakse opp med. Eg lærte å spele fele på “gamlemåten” i Lom spelemannslag med Rolv Brimi som læremeister. Det var denne musikken som inspirerte meg, og prega meg i oppveksten heime i Lom. 

- I bygda var det,  og er det framleis, mange store spelmenn som er førebilete for meg. To av desse var Hans W. Brimi og Erling Kjøk. Ein av dei eg har spelt mest med dei siste åra er Aslak O. Brimi. Saman med Erlend Viken er han med på lista med to spor, med mellom anna den nydelege skotsken, Kleppdalsvegen etter Sigurd Biløygard.

Hekta på hardingfele

Men ho er ikkje berre oppteken av tradisjonane frå heimtraktene. Ho har også våga seg sørvest og oppdaga musikken der.

- Eg hadde lite kjennskap til hardingfelemusikken i oppveksten. For ein del år sidan fekk eg ein CD med diverse hardingfelemusikk. Etter å ha høyrt Rjukanfossen med Hauk Buen vart eg fullstendig hekta! Eg høyrde slåtten opp att og opp att heilt til eg kunne heile forma i hovudet. Etter dette har eg vore heilfrelst hardingfeleentusiast. Eg vart ikkje mindre Hauk Buen-fan etter å ha høyrt han “live” på Vågå Hotell under Landskappleiken i 2002.

Etter å ha høyrt Rjukanfossen med Hauk Buen vart eg fullstendig hekta!
— Astrid Sulheim

Vidare på spelelista finn ein òg låtar frå andre distrikt som mellom anna Agder og Rogaland. 

- Eg gjekk på folkemusikkstudiet i Rauland eit år. Der fekk eg kunnskap om folkemusikk frå heile landet. Eg hadde mellom anna Ånon Egeland som lærar, og han lærte meg fantastiske slåttar frå Agder som stadig blir brukt under jamming. 

- I samband med jobb, budde eg ein periode i Haugesund og Suldal. Da spelte eg mykje i lag med bl.a. Siri Dyvik og Tove Solheim og vart kjend med Rogalandsmusikken som eg har blitt veldig glad i. På lista er denne tradisjonen representert av gruppa “Geitungen”. 

- Eg har også etter kvart fått eit veldig nært forhold til folkemusikktradisjonen i Oppdal. Eg har mange gode spelevener som kjem frå denne bygda. Oppdalssprengleken “Honddengja” er ein av dei beste slåttane eg veit om! 

I tillegg har ho teke med musikk frå nokre av dei musikarane og gruppene som har inspirert ho og gjeve ho mange gode opplevingar både frå scena og frå stereoanlegget.