contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

TOPPLISTE

Margit Myhrs vokalfavorittar

Folkemusikk No

Under Landskappleiken 2016 i Vågå fekk Margit Myhr tildelt Kongepokalen i vokal klasse. Ho er tidenes yngste kongepokalvinnar på Landskappleiken. Høyr hennes vokalfavorittar i denne spelelista.

> LAST NED SPELELISTA I TIDAL HER
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY HER

 

  1. Øyonn Groven Myhren, Eilert M. Hægeland og Alf Tveit - Med Klokker og Huv
  2. Sinikka Langeland - Agnete Og Havmannen
  3. Ingvill Marit Buen Garnås & Per Anders Buen Garnås - Dagsens Auga Sloknar Ut
  4. Sigrid Kjetilsdotter Jore - Grevevisa
  5. Berit Opheim og Sigbjørn Apeland - Den Blide Sol
  6. Levor Laa - Grålysningen
  7. Sudan Dudan - Utta de
  8. Bodil Haug - O Du Min Immanuel
  9. Dvergmål - Gagnløysa
  10. Unni Løvlid - Jeg Har så Lun En Hytte
  11. Ingebjørg Bratland - Annes bånsul
  12. Marit Jensen Lillebuen - Kulokk
  13. Tre Begrædelige Piger - Til deg
  14. Etter'n Guttorm - Om Dagen Ved Mitt Arbeide
  15. Etter'n Guttorm - Å Hør Du Venn
  16. Kirsten Bråten Berg - Gamlestev
  17. Fra de mollstemte skoger - Lauvet
  18. Marja Mortensson - Stuora várrie / The Great Northern Mountain
  19. Unni Boksasp - Hulderlokk, etter Magnhild Almhjell
  20. Øyvonn Groven Myhren - Ned Att
  21. Arve Moen Bergset - Folkesongen
  22. Valkyrien Allstars - Kom hjem
  23. Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga - I Nivelkinnstunet
  24. Inger Marie Lien Rust - Gjetarvise (ikkje tilgjengeleg i Spotify eller Tidal)
  25. Tiriltunga - Kjenningssignalet (ikkje tilgjengeleg i Spotify eller Tidal)
  26. Tiriltunga - Heming og gygra (ikkje tilgjengeleg i Spotify eller Tidal)
  27. Gunnlaug Lien Myhr - Nu lukker sig mitt øie (ikkje tilgjengeleg i Spotify eller Tidal)

 

 

Som Kongepokalvinnar i vokal folkemusikk har Margit Myhr fått frie tøyler til å sette saman sine favoritter med vokal folkemusikk til Slåttify.

Fortel litt om korleis du har sett saman spelelista og kvifor akkurat desse slåttane er med.

- Lista inneheld songar sunge av nokre av mine favorittar. Det finst songar eg har høyrt på sidan barndomen og det finst songar eg har eg har blitt glad i som vaksen. Det vart dessverre ikkje plass til alle favorittar, lista kunne ha vore minst dobbelt så lang. 

Det er så moro at det er så mange dyktige kvedarar i landet vårt, så mange ulike stemmer, tradisjonar og utøvarar å bli inspirert av. Denne lista inneheld noko av det som inspirerar og imponerar meg når det kjem til folkeleg song. God lytting! 

På Landskappleiken i Vågå i sommar vann du Kongepokalen i klassa for vokal. Korleis var det å få den?

- Å få Kongepokalen var veldig stas, det er moro når ein får til det ein vil på scena og at ting klaffar. Eg klarte å kose meg på scena både under tevling og finale, så det vart to gode opplevingar som eg kjem til å hugse ei stund framover.

Kva var den største musikkopplevinga di i 2016?

- Det er vanskeleg å trekke fram ei musikkoppleving i 2016 som gav sterkast inntrykk, eg føler eg opplev store musikalske hendingar mange gongar i løpet av eit år! Men det eg kanskje hugsar best var attersynet med konsertførestillinga Nivelkinn. Den produksjonen er heilt spesiell i form av nydelege melodiar, framifrå tekstformidling og imponerande handverk. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har høyrt gjennom den plata, men eg blir like "tatt" kvar gong.

Kva er aktuelt i livet ditt akkurat no?

- Akkurat no er eg i Sunne på Västanå Teater kor eg jobbar i fem månader med produksjonen Charlotte Löwensköld, skreve av Selma Lagerlöf. Anbefalar alle som ikkje har vore der å ta seg ein tur til teaterlåven fylt med forteljande teater og folkemusikk og folkedans. 

God lytting! :)

PÅ BILETET: Margit Myhr. Foto: Svein Ole Valde

Fivils favorittar

Folkemusikk No

FIVILS FAVORITTAR

> FIVILS FAVORITTAR I SPOTIFY 
> FIVILS FAVORITTAR I TIDAL

  1. Oslo Filharmoniske Kor, arr. Henrik Ødegaard – Mitt Hjerte Alltid Vanker. Frå plata Gregorian Key
  2. Kongero – Ifrån min födslotimma. Frå plata Bakvända Världen (Ikkje i TIDAL)
  3. Bjarte Eike & Barokksolistene – Niel Gow's Lament for the Death of His Second Wife. Frå plata Image of Melancholy
  4. Ola Kvernberg Trio – Copper's Joe. Frå plata Northern Tapes
  5. Alf Prøysen – Burobengvisa. Frå plata På grammofon 3 1954–1957
  6. Tiriltunga – Skripalåtten. Frå plata Kåte Ungdomsdagar
  7. Agnes Buen Garnås, Knut Buen og Guttorm Guttormsen – Gutten og mannen. Frå plata Tusseliten og tusseladden
  8. Unni Løvlid – O at skue. Frå plata Vita
  9. Øyonn Groven Myhren – Jenta som skulle skjera strå. Frå plata Gullveven
  10. Anne Hytta – Gangar etter Hølje Sjoåsen. Frå plata Dag. Kveld, Natt
  11. Gjermund Larsen Trio – Arrivals. Frå plata Arrivals
  12. Sergey Starostin's Vocal Family – Sun Prayer. Frå plata Journey
  13. Jean Ritchie – Barbry Ellen. Frå plata Classic Mountain Songs from Smithsonian Folkways
  14. Sarah Jane Summers & Juhani SIlvola – Outlaws don't dance waltzes. Frå plata Sarah Jane Summers & Juhani SIlvola
  15. Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga – Seinste Haustdagen 1–4. Frå plata Nivelkinn
  16. Systrane Hovde – Nu solen går ned. Frå plata I dag kjem det bod
  17. Odd Mehus, Per Vetrhus og Andreas Lunde – O verden hav da gode nat. Frå plata Folkemusikk frå Rogaland og Hordaland
  18. Kari Dale – Reven og Bonden. Frå plata Hugjen leikar så vide
  19. Margit Finnekåsa – Gudbrandsdølen. Frå plata Margits folketonar
 

Hausten 2010 fekk Ingebjørg Lognvik Reinholdt etterlengta selskap av ein annan folkesongar på Musikkhøgskolen i Oslo. Blant feler og trekkspel syntest Kirsti Bakken Kristiansen at det kunne bli i overkant mange feleslåttar i samspeltimane. Ho og Ingebjørg byrja å stikke seg unna for å ha nokre stunder for seg sjølv.

– Me syntest det var gøy å nerde litt saman, seier Ingebjørg, og held lattermidt fram: – Det er koseleg med fele, men dei kan bli litt dominerande. Det var gøy å gjere noko på eigne premissar. Og på folkesongens premissar.

Dette var starten på duoen deira, Fivil, som 4. september gav ut sitt første, sjølvtitulerte album på Karl Seglems plateselskap NorCD. Plata blei spelt inn i Rainbow Studio i Oslo før jul i fjor, med Jan Erik Kongshaug som lydteknikar og Unni Løvlid som produsent.

Med ein mikrofon i midten stod Kirsti og Ingebjørg andlet til andlet i tre dagar og song til kvarandre. Akkurat som dei gjer når dei øver. Sjølv om Fivil berre har to medlemmer, rommar dei spekteret til eit større orkester.

– Me er litt forskjellige, sjølv om me har ganske like preferansar på kva me liker. Som oftast blir me einige til sjuande og sist, seier Ingebjørg.

– I studio fekk me kommentarar på at me var veldig tolmodige med kvarandre. Me er vel vande med å vere det. Me møter på mange ting i arrangementa me lagar som er utfordrande for oss begge. Då må ein berre vere raus og ta tida til hjelp, seier Kirsti.

Slåttify-lista til Fivil-jentene inneheld viser, kormusikk frå verda rundt, barokkmusikk og slåttar på fele og hardingfele, og sjølvsagt mange av folketonane og songarane dei to har late seg inspirere av.

– Me to i Fivil høyrer på veldig mykje forskjellig. Me kan vel ikkje seie at me er direkte inspirert av noko – uttrykket vårt er meir et resultat av vår eigen leiking med tonar og tekst. Denne lista er eit utval av låtane som ein av oss, eller begge, har blir inspirert til å lage Fivil-musikk av, seier Ingebjørg.

Teksten inneheld utdrag fra Johanne Flottorp sitt intervju med Fivil, som du kan lese i Folkemusikk nr. 3/2015. Eit utdrag av intervjuet finn du her på folkemusikk.no

Øyvind Sandums favorittar

Folkemusikk No

ØYVIND SANDUMS RUNDDANSFAVORITTAR


> ØYVIND SANDUMS SPELELISTE I SPOTIFY
> ØYVIND SANDUMS SPELELISTE I TIDAL

  1. Hått – B-Burger, Hamburger etter Anders Ødegaarden
  2. Toradertrioen – Holingen, Reinlender
  3. Sven Nyhus Kvartett – Nygardsvalsen
  4. Aslak O. Brimi og Erlend Viken – Kleppdalsvegen
  5. Over Stok Og Steen – Stor-vals
  6. Lom Spelemannslag – Reinlendar etter Ola Moløkken
  7. Tom Karlsrud – Reinlender - Etter Jens Frydenlund
  8. Polka med støyt – Reinlendar II etter Per Kjepso
  9. Birger Lundbys Ensemble – Reinlender I
  10. Per Sæmund Bjørkum – Hamborg
  11. Asbjørn Bratås – Flesberg-hamburg
  12. Nils Bakke – Vals (ikkje i TIDAL)
 

«Foreldra hans forlova seg under landskappleiken i Førde. I barneåra, på garden i Lalm i Vågå, hadde han tonefølgje frå mora sine kassettar med folkemusikk og gammaldans. Heimen har bydd på stor toleranse, minnest Sandum. Både for manglande øving, og for stunder då han og broren øvde samtidig i stova – på vidt forskjellige ting. 

Når han no har meir tid til musikken, har han kunna dyrka mangfaldet i ulike grupper. Litt meir av alt, forklarer han nøgd. Forutan trioen jobbar Sandum i duo med broren Hans, og i atter ein duo med Jorun Marie Kvernberg. Med bandet Sol i skuggeskog jobbar Sandum inn mot visesjangeren. Både dei og gruppa Lendmenn lanserer plater i år, og våren byd elles på ei heil lita rekke av turnear.»  

Dette kan du lese i siste nummer av Folkemusikk, der Ida Habbestad intervjuar toradartornadoen Øyvind Sandum. Sandum har vunne Landskappleiken i durspel og tjue gullmedaljar på Landsfestivalen, og han kan sin runddansmusikk. Her er eit knippe av Sandums runddansfavorittar. Men han vil gjerne få nemne at det ikkje er all den beste runddansmusikken du finn på Spotify og Wimp.

– Viss til dømes Visdals kvintett, Peispusten og Nye Ringnesin hadde funnest i strømmetenestene, så hadde dei vore å finne på lista over Sandums runddansfavorittar! seier Sandum til Slåttify.