contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Håkon Thelins folk-favorittar

TOPPLISTE

Håkon Thelins folk-favorittar

Folkemusikk No

Samtidsmusikar og bassist Håkon Thelin har late seg inspirere mykje av folkemusikk i arbeidet sitt. Her er eit utval av favorittslåttane hans.

> LAST NED HÅKONS FAVORITTAR I TIDAL
> LAST NED HÅKONS FAVORITTAR I SPOTIFY

  1. Hans W. Brimi – Den blå slåtten
  2. ­Unni Løvlid – Kvilesteinen
  3. Vidar Lande – Nordafjells
  4. Hans P. og Rasmus Kjorstad – Guri
  5. Susanne Lundeng – Brurmarsj fra Sørfold
  6. Jan Wesenberg – Springleik etter Thorvald Trondsgård
  7. Astrid Sulheim – Smørligråen
  8. Nils Økland – Biberslått
  9. Per Sæmund Bjørkum – Finnjenta
  10. Hallvard T. Bjørgum – Skoldmøyslaget
  11. Ottar Kåsa – Skuldalsbruri
  12. Eivind Groven (Kåre Nordstoga og Steinar Ofsdal) – Kivlemøyane
  13. Agnes Buen Garnås – Draumkvedet
  14. Unni Løvlid – Jeg lagde meg så silde
  15. Agnes Buen Garnås – Gjendines bådnlåt
  16. Unni Løvlid – Den svalande vind
  17. Sven Nyhus – Bergrosa
  18. Susanne Lundeng – Gammel masurka
 

Tekst og foto: Johanne Flottorp. Teksten er eit utdrag av eit lengre intervju med Håkon Thelin, som du kan lese i Folkemusikk nr. 3/2017.

I ungdommen var Håkon Thelin rockebassisten som var innom gospel og jazz på elbass, før han kjøpte seg kontrabass. Då han gjekk på Musikkhøgskulen, var han tidleg ute med å fordjupe seg i samtidsmusikk. Midt på 1990-talet var det få andre som dreiv med slik musikk, og lærarkrefter fanst heller ikkje. Men ei lita gruppe samtidige studentar fann ut av det på eiga hand, og det blei eit fint miljø for det.

Etter nokre år søkte Håkon Thelin etter noko anna, og det var då han oppdaga folkemusikken. Miljøet i Oslo var ikkje like stort som det er i dag, og den tidlegaste folkemusikk-inputen fekk han på festar heime hos venninna Unni Løvlid. Der fekk han treffe mange folkemusikarar, og spesielt utøvarar frå Setesdal gjorde inntrykk.

– Det var nok Unni som trigga interessa mi. Utan Unni veit eg ikkje kor mykje eg hadde lært om folkemusikk, seier han.

I stipendiattida på NMH tok Thelin ein ny kikk på folkemusikken, i fleire fasar. Han starta med Väsen og anna arrangert folkemusikk. På biblioteket på Musikkhøgskulen oppdaga han så NRK og Ta:lik sin CD-serie med norsk folkemusikk, som fortsatt er ein gjengangar på stereoanlegget hans.

– Eg har alltid likt soloformatet best, fortel Thelin, og legg til: – Då særleg hardingfela. Den er magisk.

Thelin og Løvlid var studentar ved Musikkhøgskulen samtidig, og ein periode budde dei i kollektiv saman. Men det var ikkje før i 2012 at dei byrja å spele med kvarandre. Sidan dei samarbeidde om plata Lux, som kom ut i 2013, har dei hatt fleire prosjekt saman, nesten alltid med improvisasjon som utgangspunkt. Hausten 2015 framførte dei ein ny versjon av Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje i Vest-Telemark. Med videokunstnaren Boya Bøckman med på laget blei det lystette kyrkjerommet forvandla til den lange søvnen og alle draumane til Olav Åsteson.

Den siste plata til Thelin har fått namnet Folk (2015). På denne utgjevinga har Thelin samla eit knippe av komposisjonane sine, samt nokre han har samarbeidd med andre om. Mellom stykka kjem refleksjonar rundt tema som folkemusikk, tradisjon og å kome til eit nytt land, lesne av andre musikarar. Albumet opnar med at spelemannen Ottar Kåsa les ein tekst om hardingfela som spelemannens songrøyst.

– Det er det eg føler om kontrabassen: at det er songrøysta mi, seier han.

I dag spelar han musikk for mange ulike leirar av musikkinteresserte. Men han synest ikkje det treng å vere så annleis å spele for eit folkemusikkpublikum enn for eit som vil høyre samtidsmusikk.

– Publikum er ganske tradisjonelle innanfor alle stilartar, tenkjer eg. Ein må vere forsiktig med å ikkje ta det for langt ut. Ein må blande det attkjennelege med nye ting for publikum, ikkje skremme dei bort, men utfordre dei litt. Kombinasjonen av utfordring og kos er fin å treffe, seier Thelin.

Det han gjer er ikkje er så eksperimentelt at eit folkemusikkpublikum ikkje kan lytte til det, meiner han. Men av samtidsmusikkpulikummet kan han kanskje bli oppfatta som litt for lite eksperimentell av og til, trur han.

– Men musikk er musikk for alle. Viss ein klarer å lage musikk, trur eg alle kan klare å lytte til det, uansett om ein ikkje har høyrt noko liknande før.