contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Silje Onstad Håliens hallingfavorittar

TOPPLISTE

Silje Onstad Håliens hallingfavorittar

Folkemusikk No

Silje Onstad Hålien har dansa halling på ein elefantrygg i India på 17. mai. Nå har ho laga ei hallingspeleliste for Slåttify!

SILJES FAVORITTAR

> SILJES HALLINGFAVORITTAR I TIDAL
> SILJES HALLINGFAVORITTAR I SPOTIFY

  1. Warg Buen - Filleværen
  2. Hedningarna - Dolkaren
  3. Blåmann Blåmann - Trollhalling
  4. Erlend Viken Trio - Eldegard
  5. Tiriltunga - Skripalåtten
  6. Ulf- Arne Johannessen - Laus etter Aslak Holto, halling
  7. BOOT - Kung Karls Halling / Vildhonung
  8. Sigmund Eikås - Preikaren (Halling)
  9. Rustad Nilssen Ranøien - Halling etter Torvald Trondsgård
  10. Sudan Dudan - Ola Torsøn
  11. Nordafjells - Magnus
  12. Kvarts & Kringskastingsorkesteret - Med Stav Og Hatt
  13. Moby - Natural Blues
 

Silje Onstad Hålien vart i 2015 utnemnt til årets folkemusikar. Til Slåttify har ho valt ut eit knippe favorittslåttar som ho brukar mykje i ulike samanhengar – slåttar som appellerer til leik, kraft og samspel med musikken.

– Eg byrja å danse halling i tida då eg studerte på balletthøgskulen. Eg var lei av å vere kvinne med stav, og ville heller danse sjølv. Eg studerte samtidsdans då, og hadde veldig mykje kraft i meg som eg ikkje fekk uttrykka i annan dans. Denne krafta fekk eg brukt når eg dansa halling, så då byrja eg med det.

På lista til Silje er det berre halling, men det betyr ikkje at lista ikkje er variert:

– Eg har tenkt veldig mykje på variasjon når eg laga lista. Her er det hallingar som får det til å risle i ryggmergen og koke i hovudet! Alt frå kose-halling på kjøkenet til hallingar som får deg til å føde før tida. Eg har valt ei liste med mykje variasjon, fordi eg likar å danse til forskjellig musikk, for å få fram ulike uttrykk i dansen. Og dette her er musikk som får kroppen min til å reagere!

– Det er mykje triks og turar i halling, kva triks likar du best?

– Favoritt-trikset er olboge-turen, der du set olbogane i golvet og reiser deg opp att til ståande mellom kvar gong.

– Til slutt, har du ei historie frå eit hallingdansoppdrag som du vil dele med folket, før dei snurrar hallinglista di?

- Tja, då må eg nok trekke fram elefant-hallingen frå India. Eg var i New Delhi 16.mai og lagde framsyning i lag med Attakkalari, eit indisk samtidsdanskompani. Dagen etter var det 17. mai-feiring med pølser, tog, elefantar, korps og alt som høyrer med, og eg spurte festansvarleg kor mange som kom til å stille i bunad. "I 40 varmegrader stiller nok folk i sari, ikkje bunad", sa han og smilte. "Men om du kjem i bunad i morgon, så skal eg sørge for at du havnar oppå elefanten som går fyrst i paraden." "Avtale!" Ropte eg og tok han i handa. Dagen etter slang eg på bunaden og vart kasta opp på elefanten, måla med rosa norske flagg for høvet, og dansa halling fremst i toget. Bak meg kom eit indisk korps som spelte "Ja, vi elsker" med indisk vri. Korpset hadde vore hyra inn til norske festanledningar før, så når nasjonalsongen hadde vorte spelt nokre gonger, gjekk dei over på julesongane. Ei surrealistisk kjensle eigentleg; å danse halling oppå ein elefant i Delhi i 40 grader til julemusikk. Eg gløymer ikkje det på ei stund. 

Silje er også aktuell som regissør for Meisterkonserten i Operaen 20. november 2016. Les meir om konserten her!

> Les meir om Silje her

PÅ BILETET:  Silje Onstad Hålien, årets folkemusikar 2015. Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz