contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Frank H. Rollands favorittar

TOPPLISTE

Frank H. Rollands favorittar

Folkemusikk No

FRANK HENRIK ROLLAND SINE FAVORITTAR

> FRANK HENRIK ROLLANDS SPELELISTE I SPOTIFY
> FRANK HENRIK ROLLANDS SPELELISTE I TIDAL

  1. Eivind Mo – Håvards Sorg
  2. Eivind Mo – Fossheimen, Gangar - Etter Eilev Smedal
  3. Anders Kjerland – Slåttar Frå Hardanger: Gullfaksen, Springar
  4. Knut Hamre – Bygdatråen
  5. Torleiv Bolstad – Fjellbekken
  6. Torleiv Bolstad – Svein I Sy'garde'
  7. Torleiv Bolstad – Bjøllelåtten
  8. Knut Hamre – Jørånnatten (ikkje i wimp)
  9. Knut Hamre – Eivind Mo 1 (ikkje i wimp)
  10. Torleiv H. Bjørgum – Skjoldmøyslaget - Form Etter Olav Heggland
  11. Leif Rygg – Roesverkjen
  12. Agnes Buen Garnås – Rosensfole
  13. Kirsten Bråten Berg – Spurv På En Snor
  14. Rush – Anthem
  15. Rush – Tom Sawyer
  16. Indigo Girls – Closer To Fine
  17. Marius Müller's Funhouse – Engel
  18. El Cuero – Little Bird (ikkje i TIDAL)
  19. Yo-Yo Ma;Mark O'Connor – Limerock
  20. Hille Perl – Les Couplets
  21. Hille Perl – La Conférence

PÅ BILETET:  Frank H. Rolland. Foto: Talik.

 

Barokk, rock og hardingfele 

- Intervju henta frå www.folkemusikk.no

Han kunne vorte aktiv skihoppar og trommeslagar, men i dag er han ein folkemusikkentusiast på sin hals. Her kan du lese meir om spelemannen, arrangøren og arkivaren frå Utne i Hardanger, Frank Henrik Rolland, og høyre spelelista med hans favorittmusikk. 

På oppdrag frå folkemusikk.no har han sett saman ei speleliste med sin favorittmusikk. På lista er det utøvarar som Knut Hamre, Anders Kjerland, Eivind Mo, Torleiv Bolstad, men også ein og annan barokkslager og nokre seige rockelåtar.

- Naturleg nok er det masse hardingfele, men òg musikk frå 70 talet med mellom anna Rush. Dette er eit Canadisk band eg har høyrt på i alle år. Draumen var å bli like bra på slagverk som Neil Peart!

Slik gjekk det ikkje, i staden vart det folkemusikken som fenga.

- Eg vart tidleg gira på hardingfele. Bestefar min, Leif Rolland frå Tingvoll på Nordmøre, spela både vanleg fele og hardingfele. I tillegg hadde eg ein kompis som var to år eldre enn meg som spela hardingfele, eg ville prøve og fekk Knut Hamre som lærar i musikkskulen. Då var det gjort, fortel Frank Henrik Rolland.

I dag er han er tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og på Hardanger Folkemuseum der han tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet på museet. Bak seg har han utgjevingar saman med fylkesmusikarane i Hordaland, Trio Hardanger og ikkje minst si eiga soloutgjeving Hardingfele frå 2008. Dessutan har han fleire gode plasseringar frå Landskappleikar opp igjennom åra.

- Som musikar har eg masse på tapetet framover. No er det mellom anna skulekonsertturné i Nordhordland, og  så er eg musikar i stykket til Jon Fosse Dyrehagen Hardanger som no går på Hordaland Teater. I tillegg er det mykje speling med elevar. I Hardanger er det god rekruttering for tida, med masse flinke unge spelemenn, fortel Rolland.

I tillegg til å arbeide som musikar og arkivar er han også ein av arrangørane bak folkemusikkonsertane i Utne.  som Hardanger Folkemusikksamling og Hardanger folkemuseum står bak.

- Me har mange konsertar på Utne for tida, der me har nyopna lokalet på loftet med supert konsertlokale med kafé og pub. Me har hatt arrangement ein eller fleire gonger i månaden, og kvar gong er det både konsert og quiz. Dei neste konsertane på plakaten er Gjermund Larsen Trio i oktober og Novgorod i november.

Og på spørsmål om kva dei beste musikkopplevingane i år, er han ikkje i tvil.

- Det må vera El Cuero sin konsert på Bøgrend Autofest og Per Anders Buen Garnås sin solokonsert på Hardanger folkemuseum i haust!