contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Jørn Hilme-stemnet 2014

FERSKVARE

Jørn Hilme-stemnet 2014

Folkemusikk No

20.–27. juli er det Jørn Hilme-stemnet på Fagernes
- høyr musikk frå årets artistar her!
 

Speleliste - Jørn Hilme-stemnet 2014
 

> LAST NED SPELELISTA I TIDAL
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY
 

  1. Mari Boine – Gula Gula
  2. Mari Boine – Vuoi Vuoi Me
  3. Erlend Viken Trio – Eldegard
  4. Erlend Viken Trio – Springar
  5. Sondre Bratland – Eg Er Framand
  6. Sondre Bratland – Litle Fuglen
  7. Susanne Lundeng – Havella Etter Olav Hansen
  8. Susanne Lundeng – Brurmarsj Fra Lødingen
  9. Staut – Sjå Sole
  10. Knut Hamre – Kjerringa Med Grautatvoro
  11. Knut Hamre – Bruraslått Etter Ola Håstabø
  12. Blått gådn – Båregut
  13. Camilla Granlien – Gaukelåt
  14. Ulf-Arne Johannessen – Kåte-Reiar, Springar
  15. Jan Beitohaugen Granli – Låtten Hass Mikkjel Moe
  16. Ottar Kåsa – Sønnstaulen
  17. Salve Austenå – Kivlemøyane (Ikkje i TIDAL)
  18. Arne Moslåtten – Hallibrekka, Springar - Etter Olav Sataslåtten
  19. Britt Pernille Frøholm – Kjelstadhallingen

 

Lista er sett opp av Jørn Hilme-stemnet

Foto: Cathrine Dokken

Foto: Cathrine Dokken

OM JØRN HILME-STEMNET

20. – 27. juli - 2014 / Fagernes (Valdres)

Jørn Hilme (1778–1854) er ein viktig spelemann for det slåttespelet vi har på hardingfela i dag. Frå 1960 har stemnet med namnet hans vore arrangert på Fagernes. Både spelemannen og stemnet har ei rik historie med ei viktig rolle i den norske folkemusikktradisjonen.

Kombinasjonen av kappleik, festival, kurs, dans og fest gjer stemnet populært. I tillegg er dei små stovene på Valdres Folkmuseum og konserten i Stølsområdet Jaslangen to arenaer som har vore med på å definere Hilme–stemnet dei siste åra.

Strunkeveko, ei kursveke for ungdom, er ein direkte avleggjar av Hilme–stemnet, og blir arrangert same veke som Hilme–stemnet kvart år.
 

ÅRETS PROGRAM

I år kan du oppleve utøvarar og grupper som Mari Boine, Erlend Viken Trio,  Sondre Bratland, Susanne Lundeng, Staut, Knut Hamre, Blått gådn, Camilla Granlien, Ulf-Arne Johannessen, Jan Beitohaugen Granli, Ottar Kåsa, Marit Karlberg, Arne Moslåtten, Silje Hegg, Britt Pernille Frøholm og mange fleire.  


I tillegg vert framsyninga «Kong Nor» sett opp, og det vert i tradisjon tru sett opp både sjokoladekappleik og vanleg kappleik. 

Du kan også lære deg mellom anna Valdresspringar og gammaldans, og delta i dansen! 
 

Hald deg oppdatert her:

Jørn Hilme-stemnet sine heimesider
Jørn Hilme-stemnet på Facebook



FRAMSIDEFOTO: Cathrine Dokken