contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Folkepedia

FERSKVARE

Folkepedia

Folkemusikk No

Folkepedia er eit prosjekt med opplæringsfilmar i folkedans med og for barn og ungdom. Høyr musikken frå filmane her! Prosjektleiar og initiativtakar Halldis Folkedal fortel også om prosjektet.

> LAST NED SPELELISTA I TIDAL HER
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY HER

 

  1. Hekla Stålstrenga - Du e henta
  2. Julie Alapnes Normann - Polsdans fra Lofoten nedtegnet av Leiv Valberg
  3. Frigg - Jokijenkka/Riverdance
  4. Rasmus og Verdens Beste Band - Sila Sand
  5. Hekla Stålstrenga - Folketonen
  6. Folkemusikk frå Møre og Romsdal - Springdans etter Gustav Korsnes frå Tafjord
  7. Knut Ivar Bøe, Ingunn Linge Valldal - Synneshallingen
  8. Øystein Sandbukt - Gammel reinlender
  9. Øystein Sandbukt - Ola Haugen
  10. Kevin Henderson - Faroe Rum
  11. Norske Turdansar - Tretur frå Hornindal
  12. Kvarts - Polka


Ikkje i Spotify/Tidal:
Center of the Universe & Vegar Vårdal: https://soundcloud.com/sissyfus/sets/center-of-the-universe-vegar-vardal-folkepedia

 

Les meir om Folkepedia og sjå filmane på nettsida deira: http://www.folkepedia.no/ 
Det er også muleg å fylgje dei på Facebook.

Frå innspeling i vakker natur i Bodø. Foto: Anne Marte Før/Lukkeleik

Frå innspeling i vakker natur i Bodø. Foto: Anne Marte Før/Lukkeleik

Slik ser det ut bak kamera på Sunnmøre. Foto: Lukasz Zamaro

Slik ser det ut bak kamera på Sunnmøre. Foto: Lukasz Zamaro

Mange små hjarter som brenn for folkedansen i Oslo. Foto: Lukasz Zamaro

Mange små hjarter som brenn for folkedansen i Oslo. Foto: Lukasz Zamaro

Prosjektleiar Halldis Folkedal fortel om bakgrunnen for prosjektet Folkepedia.

-Som pedagog og kulturrådgjevar opplevde eg eit behov og etterspurnad etter enkle og tilgjengelege opplæringsfilmar innanfor folkedans. Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar med å laga opplæringsmateriale innanfor folkedans og det arbeidet har fulgt den teknologiske utviklinga frå bøker, til VHS og DVD. Dermed var film på nett det neste naturlege steget. Sidan NU hadde eit filmprosjekt for nokre år tilbake fekk eg sansen for å arbeida med film.
Eit anna utgangspunkt for prosjektet er at folkedansen er i ei brytningstid og treng kule signalprosjekt for barn og unge. Eg tenkjer at det er viktig å synleggjera og ufarleggjera sjangeren for andre barn og unge. Og at dei unge som utøver folkedans kan visa fram dansane sine og vera stjerner på lerretet. 

-Eg hadde vel eigentleg tenkt tanken ei stund, men det var fyrst hausten 2016 at eg sette meg ned for å søkja pengar til Folkepedia. 

-Korleis har vegen i prosjektet utvikla seg? 
-Frå starten av hadde eg nokre grunntankar. Eg ville at det skulle vera barn og ungdomar som skulle formidla dans, at det skulle vera visuelt og at me skulle spela inn på særmerkte stader. Den som eg har arbeidd tettast med i prosjektet er Jørn Nyseth Ranum på film, som både kjenner til sjangeren og som er god på å tenkja kule konsept. 
Det som er kjekkast med film er at læringskurva er bratt. Med det meiner eg at det er enkelt å sjå kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Så me lærte mykje frå fyrste filminga til siste filming i førprosjektet. Men det er jo nettopp det eit førprosjekt skal vera, ein moglegheit til å testa ut. Folkepedia er det fyrste prosjektet i Noreg uansett dansesjanger der barn og unge formidlar dans til andre barn og unge, og det er eg stolt av. Som ordføraren i Stranda kommune sa til barna då me sleppte dei fyrste filmane i Hellesylt: "Desse filmane kjem de til å kunna sjå tilbake på om 50 år og vera stolte av". Eg håpar at filmane har vorte laga på ein slik måte at dei kan brukast lenge. 

-Kva er planane vidare?
-No har me akkurat avslutta førprosjektet, men er fullt i gang med å planlegga filmar vidare i prosjektet. Me satsar på å spela inn i alle fall 5 stader i år og snart skal eg ta kontakt med lokallag som eg håpar at me kan få til innspeling med til hausten. I utgangspunktet tenkjer eg at dette er eit prosjekt som kjem til å rulla og gå lenge og kanskje vert det aldri ferdig? Tanken er å byggja opp eit stort dansebibliotek som viser mangfaldet i dansetradisjonane. No er det barne- og ungdomsfokus, men me håpar å utvida prosjektet med vaksne dansarar på sikt. Dans for eldre er óg eit viktig fokus. Til no har me fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Landsrådet for Noregs barne og ungdomsorganisasjonar. Etterkvart skal me søkja større prosjektmidlar. Me har fått førespurnader frå andre aktørar om samarbeid så dette kan verta spennande!

-Fleire av filmane har vorte spelt inn på litt uvanlege, men veldig flotte dansearena. Korleis har de tenkt rundt val av innspelingsarena?
-Me la frå starten av vekt på det visuelle. Både at me brukar kamera med god optikk og at det skulle vera særmerke stader. Så dette har me hatt eit medvite forhold til heile tida. Når det gjeld geografiske stader så er filminga knytt til dei som eg har hatt med meg i prosjektgruppa. Difor vart det Bodø, Hellesylt og Oslo sidan eg hadde med Anette Figenschou, Anna Liv S. Gjendem, Trine Sjølyst og Vegar Vårdal i prosjektgruppa. Nokre stader, t.d. Geirangerferja, Keiservarden i Bodø og badehuset i Hellesylt har me planlagt lenge, medan andre stader har me funne fram til dagen før eller på sjølve filmingsdagen. Det er ikkje alltid enkelt å detaljplanlegga når filmingsstadane er langt frå der me bur til vanleg. Eg er nøgd med at me har spelt inn både inne og ute, og eg trur at dei litt uvanlege destinasjonane gjer at folk hugsar dansane på ein annan måte. 

-Kven er Folkepedia for? 
-Folkepedia er for deg som har lyst til å dansa folkedans, som allereie dansar folkedans eller deg som underviser folkedans. Målgruppa er barn og ungdomar og dei som underviser barn og ungdomar. Det høgtflygande målet er sjølvsagt å få fleire til å oppdaga og utøva dansane! Eit anna mål er å synleggjera alle unge som dansar og dansane dei er glade i rundt omkring i landet.

-Korleis har responsen vore på prosjektet? 
-Responsen har vore bra. Eg er særleg nøgd med at mange lærarar har gjeve tilbakemelding om at det er filmar som fungerer i skulekvardagen. Instruktørar har gjeve tilbakemelding om at det er fint for barna som dansar i laget at dei får læra av andre barn som dansar andre stader i landet. Nokre stader veit eg at dei viser filmane på storskjerm, og prøver dansane samtidig, akkurat slik meininga er. Filmane har vorte presenterte både i nordiske samarbeidsforum og norske danseforum, og eg veit at det er folk rundt omkring som er sjalu på prosjektet. Eg trur nok at det kjem til å koma liknande prosjekt både her i landet og i Norden. 

Korleis tenkjer ein musikk i eit slikt filmprosjekt? Folkedal fortel om tanken bak:
-Musikken har vore viktig. Og me har prøvd å finna musikk som passar målgruppa. T.d. har me fått laga ei elektronikalåt til prosjektet. I tillegg speler Vegar Vårdal inn levande improvisert musikk på nokre av filmane. Likevel må me vel seia at musikkvalet har vore ein god blanding av veldig gjennomtenkt og noko som me nesten har måtta ta på sparket. Mesteparten av musikken er innspelt frå tidlegare og me er takksame for at me har fått løyve frå alle musikarane me har vore i kontakt med. Størstedelen av musikken er óg mykje brukt der me har spelt inn. På nokre dansar har me styrt musikkvalet, t.d. valte me å bruka ein springar til Gilleråsen, ikkje den vanlege låta. 
Me har villa ha eit mangfald. Så det spenner frå elektronisk musikk, til solo fele/hardingfele, gitar og band. 

-Me har hatt tankar om kva musikk me har villa ha med og då med tilhøyrande musikarar sjølvsagt. I Bodø var det naturleg å bruka Hekla Stålstrenga sin musikk og i Møre og Romsdal Øystein Sandbukt. Vegar Vårdal var med i prosjektgruppa og han bidrog med musikk på nokre filmar inkludert elektronikalåta som Jørgen Sissyfus Skjulstad (Center of the Universe) laga.

-Korleis er denne spelelista sett opp? 
-Denne spelelista er rett og slett all innspelt musikk som har vore brukt i Folkepedia-filmane til no. Einaste me manglar er elektronikalåta som ligg på myspace, ikkje Spotify: https://soundcloud.com/sissyfus/sets/center-of-the-universe-vegar-vardal-folkepedia

 

PÅ TOPPBILETET: Halldis Folkedal. Foto: Gudrun Folkedal.