contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

NORCD 25 år

FERSKVARE

NORCD 25 år

Folkemusikk No

Siste helga i september 2016 blir 25-årsjubileet til Karl Seglems plateselskap NORCD markert på kulturhuset Sentralen i Oslo. Høyr spelelista med høgdepunkter frå katalogen! 

JUBILEUMSSPELELISTE

> LAST NED SPELELISTA I TIDAL
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY

  1. Moldsetad / Mjølsnes / Høgemo - Härjhalling
  2. Karl Seglem - Apal
  3. Eplemøye Songlag - Drikkevise
  4. Gabriel Fliflet - Fanavalsen
  5. Glima - Mosafinnhalling
  6. Østerdalsmusikk1985, Torgrim Sollid - Pols etter Martinus Helgesen (1975)
  7. Åse Teigland - Huldreslåtten Til Ola Håstabø
  8. Synnøve S. Bjørset - Bestefarslåtten
  9. Sturla Eide - Tvihua, Mixed Feelings
  10. Fivil - Bruremarsj fra Seljord
  11. Stein Versto - Urjen
  12. Onkelfolke - Kasta Beinet
  13. Utla - Dans
  14. Berit Opheim & Sigbjørn Apeland - Fager Kveldsol Smiler
  15. Lars Underdal - Helga Djuvik
  16. Småkvedarane - Bringebærslåtten
  17. Gullberg/Balducci - Liksang
  18. Karl Seglem - Einherjedansen
 

Seint på 1980-talet budde Karl Seglem i Bergen. Han hadde nett spelt inn si andre plate Sogn-a-Song, i det legendariske lydstudioet i Grieghallen med Pytten bak spakane. Han sende masterteipane til mange plateselskap, men fekk ingen respons.

– Ingen ville gje ut plata. Eg var litt sint, men så tenkte eg: Eg får gjere jobben sjølv. Jon Larsen, som hadde gjeve ut fyrsteplata mi Poems For Trio på sitt Hot Club Records, gav meg nokre tips. Så då starta eg opp NORCD, gav ut Sogn-a-Song og førsteplata til Isglem, Rom – og snart byrja ballen å rulle av seg sjølv.

Til å byrje med var det artistar Seglem kjende eller hadde spelt med som vart gjeve ut på NORCD. I 1991 fanst det knapt andre plateselskap basert i Bergen, og Seglem synest det er artig å tenkje tilbake på. Han er òg ganske stolt av det han har fått til.

Musikkbransjen er heilt annleis i dag enn då Seglem starta opp for tjuefem år sidan. NORCD var tidleg ute med å gje ut remastra slåttemusikk frå NRK-arkiva, slik som CD-en Hardanger fiddle med hardingfelespelemannen Lorentz Hop frå Fana. Etter at Ta:lik vart skipa i 1999 kom dei til å dominere denne marknaden, og Seglem nemner at han gjerne skulle ha gjeve ut meir tradisjonelt slåttespel, som var planen då han starta opp. Samtidig er han glad for at det finst fleire moglegheiter i dag for dei som vil gje ut norsk folkemusikk.

– Musikarar har òg vorte meir bevisste på marknaden enn dei var for 15–20 år sidan. Fleire skaffar seg innspelings- og utgjevingsstønad sjølve, til dømes. Det er ofte litt tilfeldigheitane som avgjer at eg seier ja til å gje ut ei plate på NORCD.  

I dag hadde du truleg fått gjeve ut Sogn-a-Song – og så hadde NORCD kanskje ikkje funnest?
– Jau, og da hadde nok heile livet mitt sett heilt annleis ut. Men eg har aldri angra, eg er glad for og stolt av det eg har skapt. Så har NORCD sjølvsagt òg vore svært viktig for min eigen karriere. Å gje ut plate er ein viktig prosess i ein kunstnarskap, ein kjem seg vidare som kunstnar når ein gjev ut ny plate. At eg i så mange år har hatt moglegheita til å gje ut musikken min, har tydd mykje for at eg er der eg er i dag.

Når du ser tilbake på starten for 25 år sidan, og på NORCD slik det er i dag – har det blitt slik du tenkte?
– Ja, eg synest eg har vore ganske tru mot utgangspunktet: Eg har gjeve ut både tradisjonell folkemusikk og jazz, og alle avartar og mellomsjangrar. Katalogen sprikar ein del, men eg plar seie at all musikken på NORCD har "eit akustisk hjarte": det er lite av meir elektronisk baserte uttrykk, den raude tråden er levande instrument og kjensla av eit intimt rom. Formata er ofte små – duoer, trioer og kvartettar, og svært lite "storbandmusikk". Dette freistar eg å spegle under jubileumshelga på Sentralen òg. I Gymsalen kjem det kanskje ein liten PA, men i Direktørrommet og Forstanderskapssalen køyrer vi heilt akustisk. Eg gler meg!

På jubileumsspelelista til NORCD, som er laga av Karl Seglem sjølv, finn du musikk frå heile livsløpet til selskapet, og mange av artistane som speler på jubileumshelga på Sentralen i Oslo 30. september og 1. oktober. Mellom artistane på spelelista finn du Synnøve Bjørset, Sturla Eide, Eplemøya Songlag, Fivil, GamaltNymalt (Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes og Sigrid Moldestad), Berit Opheim & Sigbjørn Apeland, Åse Teigland og Lars Underdal.

På sentralen.no finn du konsertprogrammet for jubileumshelga.