contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Folkesongane i våre liv!

FERSKVARE

Folkesongane i våre liv!

Folkemusikk No

Folkesongane i våre liv


> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY
> LAST NED SPELELISTA I TIDAL

 

  1. Kirsten Bråten Berg – Sven Svane
  2. Tiriltunga – Skripalåtten
  3. Hanne Kjersti Yndestad - Signe Lita (Ikkje i Spotify) 
  4. Agnes Buen Garnås – Rosensfole
  5. Laa Levor - Grålysningen (Ikkje i Spotify)
  6. Juusk – Jussána Mihkkal
  7. Aslak Brekke – Ståle Storli: Med tonefylgje av Eivind Groven på harmonium
  8. Øyonn Groven Myhren – Hermod Unge Og Gygri
  9. Gunnlaug Lien Myhr – Ola So 'Eite Guten Min, Slåttestev
  10. Jon Anders Halvorsen – Han kan skjemt' å ver' glad
  11. Unni Boksasp – Jeg Havde Meg En Venn - Etter Magnhild Almhjell
  12. Bjarne Øvrebø - Sterke-Nils brenner Tjøru
  13. Ingvill Marit Buen Garnås  – Frealause Menn
  14. Dvergmål – Navne På Mund
  15. Kim André Rysstad – Gamlestev
  16. Sudan Dudan – Ola Torsøn
  17. Unni Løvlid – Jeg Har Så Lun En Hytte
  18. Henning Gustavsen – Mustaleinen
  19. Tindra – Lille Lisa
  20. Knut Askje – Mine visur
  21. Brita Bratland – Det går ein slusk utpå vegen
  22. Kirsten Bråten Berg & Solo Cissokho – Horpa/Kono
  23. Veslemøy Fjerdingstad – Slengestev
  24. Odd Nordstoga & Øyonn Groven Myhren – Jo Syng - Del 2
  25. Talleiv Roysland – Viser, Stev Og Stubbar: Stundom Er Mi Kjering So God, Slåttestev
  26. Blått gådn – Liti va jenta
  27. Arve Moen Bergset – Det er så vent i Grungedal; gamalstev
  28. Magnhild Havdal Almhjell – Kom Hjerte! tag dit Regnebret
  29. Svein Tveiten – Storebror Og Lillebror
  30. Camilla Granlien – Herr Ole
  31. Mari Boine – Gula Gula
  32. Ingebjørg Bratland – Ro fjorden
  33. Berit Opheim Versto – Ginas Vals
  34. Eli Storbekken – Straffangens Erindring
  35. Sondre Bratland – Alle Vegne
  36. Ingebjørg Liestøl – Folkeviser - Bånsullar: Dei Tvo Systane (Horpa), Folkevise
  37. Eplemøya Songlag – Vinndans I Jo`Ansjaløen
  38. Ragnhild Furholt – Lån Meg Vengjene, Barneregle - Etter Gunnar Kristenson Frøisnæs
  39. Øyunn Romtveit – Den svalande vind
  40. Adjagas – Mun Ja Mun
  41. Aasmund Nordstoga – Koleravise
  42. Firil – Syrg ikkji, gråt ikkji
  43. Niko Valkeapää – Birrat Birra (Round And Round)
  44. Sinikka Langeland – Agnete Og Havmannen
  45. Trispann – Dalakopen
  46. Ingebjørg Vegestog Homme – 16,17/02
  47. Gro Heddi Brokke – 04/05
  48. Hillborg Romtveit – So Rodde Dei Fjordan
  49. Ragnar Vigdal – Himmelske Fader
  50. Nils-Aslak Valkeapää – Áillohas
  51. Tørvikbygd – Springar - Etter Anna Skeie
  52. Svein Stensaker – Gamlestev
  53. Kjell Hove – Slåttestevet til Hjerki Haukeland

 

Faksimile frå Klassekampen 5. mai 2014. 


Faksimile frå Klassekampen 5. mai 2014. 

Folkesong til folket

I si faste spalte i Klassekampen sitt måndagsbilag Musikkmagasinet skriv folkemusikar Anne Hytta måndag 5. mai om ei folkemusikkoppleving på kafé. 

Då ho høyrde ho middelalderballada «Horpa» med Kirsten Bråten Berg ute på kafé i Oslo vart ho forundra. Stemmen, songen og tonane var kjent, men opplevinga verka samstundes noko framand. Det fekk ho til å tenke:

”Hvorfor oppleves det så spesielt å høre Kirsten, eller en annen folkesanger, synge en norsk middelalderballade på en kafé en helt vanlig ettermiddag i Norge i 2014? 

Ho meiner folkesongane og -songarane i dag er for lite tilgjengelig, og ikkje har ein naturleg plass i folks liv, slik andre musikktradisjonar i andre land er det i større grad. 

”Vår egen folkemusikk burde (…)  høres i det offentlige rommet der folk flest ferdes, i P1, på tv, i skolen.” 

Vi er heilt einig – meir folkesong til folket. 

Folk ferdast mellom anna på strømmetenester for tida, og difor kjem vi med vårt bidrag med ei liste med folkesongar som inneheld alt frå gamle voksrullopptak til nyutgjevingar i dag. 

Lista er ei meint som eit bilete av noko av folkesongen i Noreg. Lista er lang, men langt i frå komplett. Men kanskje du finn noko du likar her? 

 

Litt om norsk folkesong

Det er fleire sjangrar innan den vokale folkemusikktradisjonen i Noreg, som lokk, bånsull, ballade, bygdevise, stev og religiøse folketonar. I Telemark og Setesdal vert den vokale folkemusikken kalla kveding.

Noko som er felles for den vokale folkemusikken er at formidlinga av teksten står sentralt - ein god folkesongar skal fortelje ei historie med songen sin. Orda vert sungne som dei ville vore sagt i munnleg tale, og melodien vert tilpassa verselinene, slik at melodien kan variere noko frå vers til vers. Den vokale folkemusikken vert elles kjenneteikna ved at den ofte har svevande intervall, det vil seie intervall som er litt høge eller låge samanlikna med den vanlege tempererte skalaen som ligg til grunn for det meste av annan musikk.

Mange vokale folkemusikarar ornamenterer i songen sin, ved at dei "krullar", og glissando, glidetonar, er også vanleg.

 

TOPPBILETET: Folkesongar Agnes Buen Garnås. Foto: Birte Ulveseth.