contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

FERSKVARE

Folkepedia

Folkemusikk No

Folkepedia er eit prosjekt med opplæringsfilmar i folkedans med og for barn og ungdom. Høyr musikken frå filmane her! Prosjektleiar og initiativtakar Halldis Folkedal fortel også om prosjektet.

> LAST NED SPELELISTA I TIDAL HER
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY HER

 

  1. Hekla Stålstrenga - Du e henta
  2. Julie Alapnes Normann - Polsdans fra Lofoten nedtegnet av Leiv Valberg
  3. Frigg - Jokijenkka/Riverdance
  4. Rasmus og Verdens Beste Band - Sila Sand
  5. Hekla Stålstrenga - Folketonen
  6. Folkemusikk frå Møre og Romsdal - Springdans etter Gustav Korsnes frå Tafjord
  7. Knut Ivar Bøe, Ingunn Linge Valldal - Synneshallingen
  8. Øystein Sandbukt - Gammel reinlender
  9. Øystein Sandbukt - Ola Haugen
  10. Kevin Henderson - Faroe Rum
  11. Norske Turdansar - Tretur frå Hornindal
  12. Kvarts - Polka


Ikkje i Spotify/Tidal:
Center of the Universe & Vegar Vårdal: https://soundcloud.com/sissyfus/sets/center-of-the-universe-vegar-vardal-folkepedia

 

Les meir om Folkepedia og sjå filmane på nettsida deira: http://www.folkepedia.no/ 
Det er også muleg å fylgje dei på Facebook.

Frå innspeling i vakker natur i Bodø. Foto: Anne Marte Før/Lukkeleik

Frå innspeling i vakker natur i Bodø. Foto: Anne Marte Før/Lukkeleik

Slik ser det ut bak kamera på Sunnmøre. Foto: Lukasz Zamaro

Slik ser det ut bak kamera på Sunnmøre. Foto: Lukasz Zamaro

Mange små hjarter som brenn for folkedansen i Oslo. Foto: Lukasz Zamaro

Mange små hjarter som brenn for folkedansen i Oslo. Foto: Lukasz Zamaro

Prosjektleiar Halldis Folkedal fortel om bakgrunnen for prosjektet Folkepedia.

-Som pedagog og kulturrådgjevar opplevde eg eit behov og etterspurnad etter enkle og tilgjengelege opplæringsfilmar innanfor folkedans. Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar med å laga opplæringsmateriale innanfor folkedans og det arbeidet har fulgt den teknologiske utviklinga frå bøker, til VHS og DVD. Dermed var film på nett det neste naturlege steget. Sidan NU hadde eit filmprosjekt for nokre år tilbake fekk eg sansen for å arbeida med film.
Eit anna utgangspunkt for prosjektet er at folkedansen er i ei brytningstid og treng kule signalprosjekt for barn og unge. Eg tenkjer at det er viktig å synleggjera og ufarleggjera sjangeren for andre barn og unge. Og at dei unge som utøver folkedans kan visa fram dansane sine og vera stjerner på lerretet. 

-Eg hadde vel eigentleg tenkt tanken ei stund, men det var fyrst hausten 2016 at eg sette meg ned for å søkja pengar til Folkepedia. 

-Korleis har vegen i prosjektet utvikla seg? 
-Frå starten av hadde eg nokre grunntankar. Eg ville at det skulle vera barn og ungdomar som skulle formidla dans, at det skulle vera visuelt og at me skulle spela inn på særmerkte stader. Den som eg har arbeidd tettast med i prosjektet er Jørn Nyseth Ranum på film, som både kjenner til sjangeren og som er god på å tenkja kule konsept. 
Det som er kjekkast med film er at læringskurva er bratt. Med det meiner eg at det er enkelt å sjå kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Så me lærte mykje frå fyrste filminga til siste filming i førprosjektet. Men det er jo nettopp det eit førprosjekt skal vera, ein moglegheit til å testa ut. Folkepedia er det fyrste prosjektet i Noreg uansett dansesjanger der barn og unge formidlar dans til andre barn og unge, og det er eg stolt av. Som ordføraren i Stranda kommune sa til barna då me sleppte dei fyrste filmane i Hellesylt: "Desse filmane kjem de til å kunna sjå tilbake på om 50 år og vera stolte av". Eg håpar at filmane har vorte laga på ein slik måte at dei kan brukast lenge. 

-Kva er planane vidare?
-No har me akkurat avslutta førprosjektet, men er fullt i gang med å planlegga filmar vidare i prosjektet. Me satsar på å spela inn i alle fall 5 stader i år og snart skal eg ta kontakt med lokallag som eg håpar at me kan få til innspeling med til hausten. I utgangspunktet tenkjer eg at dette er eit prosjekt som kjem til å rulla og gå lenge og kanskje vert det aldri ferdig? Tanken er å byggja opp eit stort dansebibliotek som viser mangfaldet i dansetradisjonane. No er det barne- og ungdomsfokus, men me håpar å utvida prosjektet med vaksne dansarar på sikt. Dans for eldre er óg eit viktig fokus. Til no har me fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Landsrådet for Noregs barne og ungdomsorganisasjonar. Etterkvart skal me søkja større prosjektmidlar. Me har fått førespurnader frå andre aktørar om samarbeid så dette kan verta spennande!

-Fleire av filmane har vorte spelt inn på litt uvanlege, men veldig flotte dansearena. Korleis har de tenkt rundt val av innspelingsarena?
-Me la frå starten av vekt på det visuelle. Både at me brukar kamera med god optikk og at det skulle vera særmerke stader. Så dette har me hatt eit medvite forhold til heile tida. Når det gjeld geografiske stader så er filminga knytt til dei som eg har hatt med meg i prosjektgruppa. Difor vart det Bodø, Hellesylt og Oslo sidan eg hadde med Anette Figenschou, Anna Liv S. Gjendem, Trine Sjølyst og Vegar Vårdal i prosjektgruppa. Nokre stader, t.d. Geirangerferja, Keiservarden i Bodø og badehuset i Hellesylt har me planlagt lenge, medan andre stader har me funne fram til dagen før eller på sjølve filmingsdagen. Det er ikkje alltid enkelt å detaljplanlegga når filmingsstadane er langt frå der me bur til vanleg. Eg er nøgd med at me har spelt inn både inne og ute, og eg trur at dei litt uvanlege destinasjonane gjer at folk hugsar dansane på ein annan måte. 

-Kven er Folkepedia for? 
-Folkepedia er for deg som har lyst til å dansa folkedans, som allereie dansar folkedans eller deg som underviser folkedans. Målgruppa er barn og ungdomar og dei som underviser barn og ungdomar. Det høgtflygande målet er sjølvsagt å få fleire til å oppdaga og utøva dansane! Eit anna mål er å synleggjera alle unge som dansar og dansane dei er glade i rundt omkring i landet.

-Korleis har responsen vore på prosjektet? 
-Responsen har vore bra. Eg er særleg nøgd med at mange lærarar har gjeve tilbakemelding om at det er filmar som fungerer i skulekvardagen. Instruktørar har gjeve tilbakemelding om at det er fint for barna som dansar i laget at dei får læra av andre barn som dansar andre stader i landet. Nokre stader veit eg at dei viser filmane på storskjerm, og prøver dansane samtidig, akkurat slik meininga er. Filmane har vorte presenterte både i nordiske samarbeidsforum og norske danseforum, og eg veit at det er folk rundt omkring som er sjalu på prosjektet. Eg trur nok at det kjem til å koma liknande prosjekt både her i landet og i Norden. 

Korleis tenkjer ein musikk i eit slikt filmprosjekt? Folkedal fortel om tanken bak:
-Musikken har vore viktig. Og me har prøvd å finna musikk som passar målgruppa. T.d. har me fått laga ei elektronikalåt til prosjektet. I tillegg speler Vegar Vårdal inn levande improvisert musikk på nokre av filmane. Likevel må me vel seia at musikkvalet har vore ein god blanding av veldig gjennomtenkt og noko som me nesten har måtta ta på sparket. Mesteparten av musikken er innspelt frå tidlegare og me er takksame for at me har fått løyve frå alle musikarane me har vore i kontakt med. Størstedelen av musikken er óg mykje brukt der me har spelt inn. På nokre dansar har me styrt musikkvalet, t.d. valte me å bruka ein springar til Gilleråsen, ikkje den vanlege låta. 
Me har villa ha eit mangfald. Så det spenner frå elektronisk musikk, til solo fele/hardingfele, gitar og band. 

-Me har hatt tankar om kva musikk me har villa ha med og då med tilhøyrande musikarar sjølvsagt. I Bodø var det naturleg å bruka Hekla Stålstrenga sin musikk og i Møre og Romsdal Øystein Sandbukt. Vegar Vårdal var med i prosjektgruppa og han bidrog med musikk på nokre filmar inkludert elektronikalåta som Jørgen Sissyfus Skjulstad (Center of the Universe) laga.

-Korleis er denne spelelista sett opp? 
-Denne spelelista er rett og slett all innspelt musikk som har vore brukt i Folkepedia-filmane til no. Einaste me manglar er elektronikalåta som ligg på myspace, ikkje Spotify: https://soundcloud.com/sissyfus/sets/center-of-the-universe-vegar-vardal-folkepedia

 

PÅ TOPPBILETET: Halldis Folkedal. Foto: Gudrun Folkedal.

 

Folkelarm 2015

Folkemusikk No

Nordens største bransjetreff for folkemusikk og folkedans

SPELELISTE FOR FOLKELARM 2015


> FOLKELARM 2015 I SPOTIFY 
> FOLKELARM 2015 I TIDAL

  1. Skenet – Lazy Man
  2. Lendmenn – Godt gift
  3. Aallotar – Hellulaulu
  4. Ulf-Arne Johannessen – Laus etter Ola Øyen, halling
  5. Eli Storbekken – Himmelbrura
  6. Esbjörn Hazelius & Johan Hedin – Det hände sig en aftonstund
  7. Gro Marie Svidal – Danse-Mari
  8. Camilla Granlien – Kråkevisa
  9. Mattis Kleppen – Tjugedalaren
  10. Jouko Kyhälä & Filip Jers – Polska från Skog
  11. Basco – Liden Karen
  12. Sver – Fossegrimen, halling frå Telemark
  13. Monoswezi – Wadadisa
  14. Torgeir Vassvik – Water Song / Siiggát
  15. Duo Jansen/Jüssi – Reinlender
  16. Diom De Kossa – A Dahoue Mamadou
  17. Piia Kleemola – Seilimaakarin Polska
  18. Ára – Miessi

Lista er sett saman av Audun Stokke Hole.


ÅRETS FOLKELARMARTISTER

Silje Hålien - 101 hattar å sparke før eg døyr / Aallotar / Ahlberg, Ek & Roswall / ÁRA / Basco / Camilla Granlien med band / ComboNation / Diom de Kossa & Touba Orchestr / DoPPle / Duo Jansen/Jüss / Eli Storbekke / Furebotten & Buljo SIIDA / Gro Marie Svida / Hazelius Hedi / Jouko Kyhälä & Filip Jer / Kvedarkvintette / Lendmen / Mari Midtl / Mattis Kleppe / Monoswez / Piia Kleemol / Ska / Skene / Sver / Ulf-Arne Johannesse / Vassvik

 

 

 

 

 

 

FOLEKLARM 2015

Folkelarm arrangeres i år for tiende gang på Riksscenen i Oslo. Arrangementet ble for første gang arrangert i 2005, og har siden blitt en årlig begivenhet. Arrangementet eies og administreres av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Hovedmålet å markedsføre folkemusikkartister. Artister fra hele Norden kan søke om å spille på Folkelarm, og en jury plukker ut artistene etter et sett med kritererier bestemt av styret i FolkOrg. Juryen ser blant annet etter kvaliteter som gjør at artistene er interessante for et internasjonalt marked.

I år har vi hatt 140 søkere, og det er satt sammen et variert program med showcaseartister, utvekslingsband med Spot-festivalen og danseforestillinger. Folkelarm skal være det viktigste utstillingsvinduet for nordiske folkemusikkartister.

Folkelarm har siden starten i 2005 delt ut Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards). Prisen deles ut til folkemusikkutgivelser fra det siste året. Kategoriene har variert fra år til år, og i 2015 er det fire kategorier: Solist, Tradisjonelt samspill, Åpen klasse og Dokumentasjon, i tillegg til Årets folkemusiker og FolkOrgs arrangørpris.

I tillegg til konsertene er Folkelarm en møteplass for norsk og utenlandsk musikkbransje. De siste årene har Folkelarm samlet omlag 30 internasjonale delegater fra over 20 land, og over 200 norske delegater. Folkelarm arrangerer seminar og workshops, samt egne arrangement tilrettelagt for bransjeaktørene. Fokus for årets arrangement er Norden og nordisk samarbeid.

> HJEMMESIDA TIL FOLKELARM

Telemarkfestivalen 2014

Folkemusikk No

7.–10. august går den 25. utgåva av Telemarkfestivalen av stabelen 
- høyr musikk frå årets artistar her!

 

SPELELISTE 2014


> LAST NED SPELELISTA I TIDAL
> LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY

  1. Staut – Stugureint
  2. Staut – I glas og ramme
  3. Staut – Kjære voldsmann
  4. Hekla Stålstrenga – Har du fyr
  5. Hekla Stålstrenga – Vise ved Vintersolkverv
  6. Hekla Stålstrenga – Båtbygger Jo
  7. Erlend Apneseth – Brureslått etter Anders Sagen
  8. Erlend Apneseth – Springar etter Sigurd Eldegard
  9. Erlend Apneseth – Purka sat fast i grindi
  10. Monsieur Doumani – The Forest Ranger
  11. Monsieur Doumani – Syrtos Mavrommatis
  12. Monsieur Doumani – The System
  13. Lady Moscow – Heroes of the sum
  14. Lady Moscow – The pass
  15. Lady Moscow – Pow Pow
  16. The Nordic Fiddlers Bloc – Un-named Shetland Reel
  17. The Nordic Fiddlers Bloc – Halling from Trondheim
  18. The Nordic Fiddlers Bloc – Jenna Reid Of Quarff
  19. Erlend Viken Trio – Mino
  20. Erlend Viken Trio – Eldegard
  21. Erlend Viken Trio – Pekko Pers Brudmarsch
  22. Anne Hytta – Clouds
  23. Anne Hytta – A Light Blue Rondo
  24. Anne Hytta – Undrestille I
  25. Breabach – Baby Broon's (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  26. Breabach – Father Michael's (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  27. Breabach – Greenfields (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  28. Matthew And The Atlas – I Will Remain
  29. Matthew And The Atlas – Kingdom Of Your Own
  30. Matthew And The Atlas – I Followed Fires
  31. Logan Lind – Troll Bait (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  32. Logan Lind – Nordic Swing (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  33. Logan Lind – Homesick (Ikkje tilgjengeleg i TIDAL)
  34. Bark – Näckens Polska
  35. Bark – Polonäs från Sexdrega
  36. Bark – Blidström
 

OM TELEMARKFESTIVALEN


7.–10. august 2014

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som vert arrangert i Bø i Telemark over fire dagar i august. Festivalen vart arrangert for første gang i 1990 og har vore arrangert hvert år siden. Festivalen har 4000–6500 besøkande kvart år. Festivalen arrangerar også konserter i Bø resten av året.

Telemarkfestivalen har norsk folkemusikk som basis, men har også ein viss andel utenlandske artistar i sitt program. Festivalen har lagt vekt på å både presentere tradisjonell folkemusikk og kombinasjoner av gammalt og nytt gjennom konsertar, sessions og bestillingsverk. Det er også en omfattande kurs- og forelesingsverksamd knytta til festivalen.