contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

Knut Hamre - Kommandør av St. Olavs Orden

FERSKVARE

Knut Hamre - Kommandør av St. Olavs Orden

Folkemusikk No

Knut Hamre vart 3.mars utnevnt som Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Høyr eit utval frå utgjevingar han har medverka på her.

>LAST NED SPELELISTA I TIDAL HER
>LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY HER

  1. Meisterspel - Hilldalen, Gangar
  2. Tre Dager Til Ende - Bryllupsmusikk Fr Hele Landet - Bjølleslåtten
  3. Ferd - Spelar-Guro, Gangar - Etter Ola Håstabø
  4. Ferd - Huldri Mi, Lydarslått
  5. Fargespel - Håstadbøspringer
  6. Spelarhola - Huldreslått etter Ola Håstabø
  7. Grieg: Norwegian Folk Songs And Peasant Dances From Op. 66 & Op. 72 - Knut Luråsens Halling
  8. Ferd - Springar Frå Granvin
  9. Fargespel - Rull På Nedstilt
  10. Ferd - Biberslått, Gangar
  11. Fargespel - Springar
  12. Fargespel - Bygdatråen
  13. Ferd - Etterspel

PÅ BILETET: Knut Hamre. Foto: Elisabeth Emmerhopp.

Hardingfelespelar Knut Hamre frå Granvin i Hardanger vert utnevnt av H.M.K. som Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sitt framifrå arbeid for den norske folkemusikken.
Utmerkinga tildeles som «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten» og er ei høgthengande utmerking å motta.

Knut er og har vore ei viktig inspirasjonskjelde og eldsjel for den norske folkemusikken, særskilt for hardingfeletradisjonen i Hardanger.

Han er av dei aller fremste utøvarane me har i landet, og har vunne Hardingfele kl. A på Landskappleiken heile sju gonger. I tillegg har han vore sentral i innsamlingsarbeid, gjeve ut fleire plater, både solo og i lag med andre dyktige musikarar.
Knut er ein person som har betydd mykje for mange opp gjennom tidene. Han er ein dyktig og godt likt pedagog. I musikkskulane og Hardanger Spelemannslag har han lagt ned eit stort arbeid for rekrutteringa av born og unge. Han er ein viktig og sentral vidareførar av tradisjonen i Hardanger. Knut har vore læremeister for fleire av dei fremste hardingfelespelarane me har i dag.

(Tekst henta frå www.folkorg.no).