contact us

Use the form on the right to contact us.

You can edit the text in this area, and change where the contact form on the right submits to, by entering edit mode using the modes on the bottom right.

           

123 Street Avenue, City Town, 99999

(123) 555-6789

email@address.com

 

You can set your address, phone number, email and site description in the settings tab.
Link to read me page with more information.

FERSKVARE

Knut Hamre - Kommandør av St. Olavs Orden

Folkemusikk No

Knut Hamre vart 3.mars utnevnt som Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Høyr eit utval frå utgjevingar han har medverka på her.

>LAST NED SPELELISTA I TIDAL HER
>LAST NED SPELELISTA I SPOTIFY HER

  1. Meisterspel - Hilldalen, Gangar
  2. Tre Dager Til Ende - Bryllupsmusikk Fr Hele Landet - Bjølleslåtten
  3. Ferd - Spelar-Guro, Gangar - Etter Ola Håstabø
  4. Ferd - Huldri Mi, Lydarslått
  5. Fargespel - Håstadbøspringer
  6. Spelarhola - Huldreslått etter Ola Håstabø
  7. Grieg: Norwegian Folk Songs And Peasant Dances From Op. 66 & Op. 72 - Knut Luråsens Halling
  8. Ferd - Springar Frå Granvin
  9. Fargespel - Rull På Nedstilt
  10. Ferd - Biberslått, Gangar
  11. Fargespel - Springar
  12. Fargespel - Bygdatråen
  13. Ferd - Etterspel

PÅ BILETET: Knut Hamre. Foto: Elisabeth Emmerhopp.

Hardingfelespelar Knut Hamre frå Granvin i Hardanger vert utnevnt av H.M.K. som Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sitt framifrå arbeid for den norske folkemusikken.
Utmerkinga tildeles som «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten» og er ei høgthengande utmerking å motta.

Knut er og har vore ei viktig inspirasjonskjelde og eldsjel for den norske folkemusikken, særskilt for hardingfeletradisjonen i Hardanger.

Han er av dei aller fremste utøvarane me har i landet, og har vunne Hardingfele kl. A på Landskappleiken heile sju gonger. I tillegg har han vore sentral i innsamlingsarbeid, gjeve ut fleire plater, både solo og i lag med andre dyktige musikarar.
Knut er ein person som har betydd mykje for mange opp gjennom tidene. Han er ein dyktig og godt likt pedagog. I musikkskulane og Hardanger Spelemannslag har han lagt ned eit stort arbeid for rekrutteringa av born og unge. Han er ein viktig og sentral vidareførar av tradisjonen i Hardanger. Knut har vore læremeister for fleire av dei fremste hardingfelespelarane me har i dag.

(Tekst henta frå www.folkorg.no).

Kalottspel 2015

Folkemusikk No

Kalottspel – Nord-Noregs kulaste folkemusikkfestival! 

SPELELISTE KALOTTSPEL 2015


> KALOTTESPEL 2015 SPELELISTE I SPOTIFY 
> KALOTTSPEL 2015 SPELELISTE I TIDAL

  1. Vamp – Liten fuggel
  2. Erlend Viken Trio – Eldegard
  3. Steinar Raknes – I’m on fire
  4. Susanne Lundeng – Et steg ut
  5. Durmål – Ro ro
  6. Durmål – Forventningsvise
  7. Vamp – Månemannen
  8. Susanne Lundeng – Aslagslåtten etter Aslag Aslagsen
  9. Sara Marielle Gaup – Lena Sunná
  10. Målselv Spelmannslag – Nordlandspols fra Lofoten nedtegnet av Johan Nymo
  11. Erlend Viken Trio – Mino
  12. Eplemøya Songlag – På meg så vakter Fader
  13. Eplemøya Songlag – Skjoldmøyane
 

KALOTTSPEL

4.-9. august 2015

Folkemusikk- og folkedansfestivalen Kalottspel vart arrangert fyrste gong i 1970, og har sidan 2004 vore ein årleg festival. Kalottspel held til på Rundhaug i Målselv, og går av stabelen i veke 32 – alltid i fint vêr! I tillegg til hovudarenaen Mellembygd Samfunnshus, er det intimkonsertar i Løvhaugfjøsen, grottekonsert, stor konsert på Moen Kulturlåve og ikkje minst kulturell elvesafari på Målselva. Dei gode, gamle dansefestane, allspelet og kurs er sjølvsagte ingrediensar. Kalottspel er ein festival for alle, store som små! Utanom sjølve festivalen, arrangerer Kalottspel òg konsertar gjennom året.

> HJEMMESIDA TIL KALOTTSPEL